Gå til innhold
  • 10. februar 2021

Det er mykje gull i magasinet på biblioteket, som husar verk og forfattarskap av eldre årgang. Brått vert ei bok eller ein forfattar igjen aktuell. Etter Hellemyrsfolket vart sett opp på Den Nationale Scene i 2015, med Herborg Kråkevik på og Gunnar Staalelsen bak scena, vart Amalie Skram sine bøker igjen populære for lånarar. Dei siste åra har Torborg Nedreaas’ forfattaskap fått eit oppsving, og både ho og bøkene hennar har tredd ut av skuggen. Det er fleire grunnar til det. I 2020 verserte ordskifte i fleire aviser og tidsskrift om Nedreaas si forteljing om ulukkeleg kjærleik og problematisk graviditet i Av måneskinn gror det ingenting . Diskusjonen handla om korleis boka skal tolkast og lesast i dag, og aktørar som Toril Moi og Grete Fatima Syéd deltok. Førstnemnde har skrive essayet Kjærlighetstortur (2020) der ho analyserer Nedreaas’ si bok opp mot kvinnesynet i tida ho vart skriven. Sistnemnde skipa Torborg Nedreaas-selskapet i 2017 og har skrive boka Sommeren med Nedreaas (2019) som kan lånast på biblioteket.

Internasjonalt har forfattar og bok også fått merksemd den siste tida, faktisk i ein Oscarnominert film. Den spanske regissøren Pedro Almodóvar inkluderer eit omsett eksemplar av Fra måneskinn gror det ingenting i filmen Smerte og ære (2019), og rosa boka i eit intervju med The Guardian: ”Den er fantastisk! Den er utruleg!”. Boka er omsett til fleire andre språk og Nedreaas er verdsett i utlandet. Kva er det så med denne boka som gjer den aktuell no, over 70 år etter utgjevinga? Det har med det intense innhaldet å gjera. Fyrst litt meir om den noko gløymde forfattaren og nokre detaljar som plasserer handlinga i boka til Sunnhordaland. Den er i grunnen lokallitteratur.

Torborg Nedreaas vart fødd i Bergen i 1906 og ho budde på Vestlandet fram til 1947. Då flytta ho austover og vart buande der til ho døydde i 1987. I krigsåra og fram til 1947 heldt ho til på Stord. Toril Moi er overtydd om at handlinga til Fra måneskinn gror det ingenting er lagd til Stord og byen Leirvik. Staden ”Gruben” i boka, plasserar Moi til Gruo på Litlabø, der det i dag er eit gruvemuseum.  Nedreaas var medlem av NKP (Norges Kommunistiske Parti) og det politiske engasjementet hennar er tydeleg i bøkene.  Ho hadde ein fargerik personlegdom, noko Grete Fatima Syed kommenterer i boka si:

”Hun hadde en forkjærlighet for luksus som ikke er helt det vi forbinder med venstresideradikale; holdt sigarettmunnstykket høyt, østersen høyere og sjampanjeglasset helt oppunder taket. På mange bilder har hun en av sine siameserkatter i fanget. Torborg Nedreaas var en personlighet.”

Av måneskinn gror det ingenting startar med at ein mann tek med seg ei kvinne han treff på gata heim til hybelen sin. Ho gjev han eit val: ”Du kan få kroppen min eller sjelen min.”. Han vel sjela, og ho fortel, gjennom heile natta, godt hjelpen av vin og sigaretter. Ho fortel om oppvekst i ein fattig familie med ulukkelege foreldre, om korleis dei som bur på feil stad i byen ikkje kan forventa særleg av framtida. Ho fortel at ho forelskar seg i adjunkten Johannes, og at ein romanse startar. Men Johannes vil ikkje låsa seg til nokon under hans stand, forholdet vert skjult. Etterkvart kan ikkje den veksande magen hennar skjulast, og Johannes gjev ho pengar til å bli kvitt ”problemet” hos ein doktor. Slik er lagnaden hennar. Ho er ulukkeleg forelska, Johannes er ikkje. Nedreaas skildrar  korleis sladder, skam, fattigdom og kjønn er avgjerande for menneska i byen, og vert du gravid utan å vera gift, har du eit stort problem. Som lesar blir du teken med inn i eit liv prega av urettvise hendingar. Men boka er ikkje berre trist, språket og skildringane målar eit intenst portrett av ei kvinne og ein by på Vestlandet. Det er spennande og drivande lesing. Eg les Torborg Nedreaas’ bok i anda til Amalie Skram. Båe har ei øm kjensle for komplekse karakterar, eit kritisk blikk på samfunn og viser korleis menneske urettvist vart dømde etter faktorane arv og miljø.

På glimrande vis yter boka motstand, for nesten uansett kva syn ein lesar har på klasse, kvinnekamp eller abortsak, vil Av måneskinn gror det ingenting presentera problemstillingar som truleg strir mot dine eigne.  Ta til dømes hovudpersonen, som er sterk, oppegåande, smart og driftig. Likevel vert ho sjukeleg forelska i ein mann som behandlar henne slett. Forelskinga tek ikkje slutt, og ein moderne lesar vil nok rynke på nasen og håpa at ho kan gløyme Johannes. Desse ambivalente nyansane gjev boka ei knitrande spenning som rikar lesinga og gjer boka samstundes aktuell. Sjølv om klassekamp og kvinnesak er ein heilt anna stad i dag, fører Nedreaas linjer attende til ei vanskelegare tid som igjen kan gje nye perspektiv på desse spørsmåla i dag. Likevel er det korleis abort vert skildra og tematisert som er det mest brennbare i boka. Desse skildringane får det til å vrenga seg i lesaren. Nedreaas fortel om korleis kvinner frå lågare klassar og som ikkje var gifte, hadde få val om dei vart gravide. Den moralske peikefingeren frå samfunnet, skammen og dei økonomiske tilhøva, sette ugifte kvinner i ein umogleg situasjon. Hovudpersonen har svært lyst på barn, men ser ingen moglegheit for faktisk å verta mor slik samfunnet er rundt henne. Torborg Nedreaas si modige handsaming av tema, eit særs bra språk samt eit sterkt portett, gjer at Av måneskinn gror det ingenting fortener ein plass blant dei store klassikarane i norsk litteraturhistorie.

Ei anna bok som fekk merksemd i fjor, var Hendelsen av den franske forfattaren Annie Ernaux. Boka frå 2000 blei omsett og utgjeven i Noreg i fjor. Ho fortel om korleis forfattaren som ung student i Paris på 1960-talet opplevde ein uønska graviditet.  Det var framleis ulovleg med abort i Frankrike på denne tida, og Ernaux skildrar korleis ho måtte oppsøka andre stader enn legekontoret for å få hjelp. Boka deler problemstilling med Av måneskinn gror det ingenting, men fortalt frå ulike vinklar og i forskjellige situasjonar. Bøkene gjev fleire gode og komplekse perspektiv på eit kjenslevart tema.  Lån dei på biblioteket!

Odd Harald Opdal

Illustrasjon: May Linn Clement

Kjelder:

Torborg Nedreaas – Av måneskinn gror det ingenting (1947)

Toril Moi – Kjærlighetstortur (2020)

Grethe Famtima Syéd – Sommer med Nedreaas (2019)

Annie Ernaux – Hendelsen (2020)

Er du interessert i Torborg Nedreaas sitt forfattarskap?  Torborg Nedreaas-selskapet kan fylgjast på Facebook eller på heimesida: www.torborgnedreaas.no